Vekstprogram 2021

I samarbeid med Kunnskapsparken Vestland tilbyr vi bedrifter i Årdal vekstprogram 2021

Dette er eit program der du vil få hjelp til korleis å utvikle ein strategi og plan for å nå selskapet sine målsettingar. Programmet er relevant dersom du har eit selskap som ynskjer å omstille seg, eller har nye ambisjonar.

Gjennom 4 halvdagsmodular og 1:1 oppfølging hjelper vi bedrifter med å ta val, og gripe dei moglegheitene som finns. Vi vil også sjå på korleis ein kan implementere ein god plan og korleis vi kan betre våre salsresultat.

Som deltakar vil du få kunnskap om dei nyaste metodane og tilgang til enkle verktøy som du kan nytte i eiga verksemd. Du får oppfølging og rådgjeving, og kan diskutere dine moglegheiter og utfordringar med dei andre deltakarane.

Vekstprogram 2021: Nå dine mål! | Kunnskapsparken Vestland (kpvest.no)

MÅLGRUPPE

Dagleg leiar, leiing, styremedlem og forretningsutviklarar.

Tal selskap: det vil bli lagt opp til at 9-10 selskap er med.

Tal deltakarar frå kvart selskap: Det må være minst to frå kvart selskap som er med (ta gjerne med styremedlemmer).

MALAR OG VERKTØY

Til kvar modul vil det bli utdelt malar og verktøy som du sjølv kan nytte med tilsette, leiing, styre og eigarar. Verktøya skapar underlag for å ta kvalifiserte avgjersler.

KOSTNAD

Kr 9.500 eigenandel pr selskap.

Årdal utvikling dekker 50% av kostnadane.

 

Mia Hansen