- Drivkrafta i Årdal gjer det mogleg

Det seier Gabriel Ossenkamp, gründeren som står bak verksemda Fjordalg AS, som er èi av fleire knoppskytingsverksemder i nettverket kring Årdal Teknologipark.

Stor etterspurnad etter norsk laks har gitt lakseoppdrettarane i Norge grunn til å gleda seg i mange år, og Sintef Fiskeri og havbruk AS har konkludert med at dei forventar ein femdobling av produksjonen innan 2050.

På same tid vert det peika på at oppdrettsnæringa er ansvarleg for miljøutfordringar som gjer at reknestykket ikkje går opp dersom næringa skal vera ein del av det grøne skiftet. Nokon ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og Frank Øvstetun, dagleg leiar i Sitep i Årdal, er ein av dei.

- Sintef seier me skal femdobla produksjonen av fisk i oppdrettsnæringa, men kvar skal foret koma frå? spør han.

Store delar av fiskeforet i dag er basert på produksjonen av soyabønner i land som Brasil. Produksjonen av soyabønner er arealkrevjande, og regnskogen i Brasil er sterkt truga.

- Eg har trua på det grøne skiftet så lenge det tyder at me klarar å skapa grøne arbeidsplassar som er framtidsretta. Og slik sett er det ikkje eit alternativ at ei femdobling av oppdrettsnæringa i Norge skal basera seg på å hogga regnskog, forklarar Øvstetun.

Og her kjem selskap som Fjordalg AS og gründerar som Gabriel Ossenkamp inn i biletet.

FJORDALG: Gabriel Ossenkamp (t.v) er gründeren bak Fjordalg, og i den viktige testfasen har han hatt med seg Javier Giraldo, som er forskar på mikroalgar. (FOTO: Torunn Todal Laberg)

FJORDALG: Gabriel Ossenkamp (t.v) er gründeren bak Fjordalg, og i den viktige testfasen har han hatt med seg Javier Giraldo, som er forskar på mikroalgar. (FOTO: Torunn Todal Laberg)

 

Framtidsretta matproduksjon

Sjå føre deg ein omdiskutert tungindustri der spillvarme er ein dagleg ressurs som ingen brukar. I Årdal ser ein no ei moglegheit til å nytta nettopp spillvarme for å tørka algane som Fjordalg AS vil dyrka – for å bruka i fiskefor. Fjordalg sitt prosjekt handlar nettopp om å dyrka og prossesera algar, som på grunn av stoffet astaxanthin er ein viktig ingrediens i fiskefor. Astaxanthin er det som gjer fiskekjøtet raudt. Men når algane er dyrka og hausta, så må dei tørkast. Og det er i dette biletet at spillvarmen blir ein viktig ressurs.

Men også algane treng mat for å veksa, og som planter flest et dei Co2. Så det som er eit reint avfallsprodukt frå den eksisterande industrien i Årdal, kan altså gå inn i eit lukka og berekraftig krinsløp med produksjon av mat som resultat.

 
Ved bruk av vasskraft kan ein produsera grøn hydrogen. Ved å nytta spillvarme frå industrien kan ein fanga karbondioksid (Co2), og set ein desse tinga saman kan ein produsera berekraftig mat for framtida. Skisse: Tor-Erik Holt Paulsen/Sitep

Ved bruk av vasskraft kan ein produsera grøn hydrogen. Ved å nytta spillvarme frå industrien kan ein fanga karbondioksid (Co2), og set ein desse tinga saman kan ein produsera berekraftig mat for framtida.

Skisse: Tor-Erik Holt Paulsen/Sitep

 

Kan få det til i Årdal

- Eg er sjølv utdanna kjemikar, og den kompetansen på prosessindustri som finst i Årdal er ein stor fordel for mitt prosjekt, seier Ossenkamp, og peiker på at valet om å etablera Fjordalg AS i Årdal var avhengig av at visse føresetnader var på plass.

- I Årdal er det ei drivkraft og eit ønskje om å få til nye ting, noko som syner seg i etableringa av Sitep og nettverket kring Årdal Teknologipark. I tillegg er det kompetanse på prosessteknologi, og ikkje minst tilgang på straum, Co2 og reint vatn. Alt ligg til rette for at me skal klara å etablera ein algefabrikk, sjølv om me per no ikkje er komne lenger enn til testfasen, seier han.

I Årdal er det ei drivkraft og eit ønskje om å få til nye ting
— Gabriel Ossenkamp

Fjordalg sitt mål er å lukkast med å demonstrera at dei klarar å dyrka desse algane effektivt, og at produktet har den tiltenkte effekten på laksekjøtet. Dei siste åra er det algeprosessen som har vore fokus, og Ossenkamp har hatt tilhald hjå Sitep i denne perioden.

- Me er ikkje langt unna å kunna testa produktet på fisk, så me går inn i ein spennande fase. Me har lært mykje så langt, og eg har sterk tru på å nytta den prosess- og kjemitenkjinga i grøne og fornybare produksjonsprosessar. Verda er avhengig av at nokon tenkjer nytt kring matproduksjon, slår Ossenkamp fast.


Torunn Todal Laberg