Strategisk næringsplan

Næringsliv og verdiskaping er svært viktige motorar i samfunnsutviklinga. Det er difor viktig at kommunen opptrer samkøyrt og koordinert i arbeidet med å legge til rette for næringslivet.

Den strategiske næringsplanen er eit verktøy for kommunen for dette arbeidet. Planen er såleis ein plan ikkje berre for Årdal Utvikling, men for heile kommuneorganisasjonen.

Strategisk næringsplan klarlegg også korleis næringsarbeid og samfunnsutvikling høyrer saman og forsterkar kvarandre, og tek omsyn til kva ein kan få ut av regionalt samarbeid med nabokommunane. Desse erfaringane og konklusjonane har ein teke med seg i planen for neste periode.

Strategisk næringsplan gjev eit overordna og heilskapleg grep på kva for utfordringar ein står framføre. Planen gjev også nokre klare strategiar og konkrete tiltak for korleis utfordringane kan møtast og måla nåast, sett på bakgrunn av dei erfaringane vi har gjort oss.

Årdal Utvikling arbeidar ut ifrå ein 4-årig strategisk næringsplan og ein årleg handligsplan. I tillegg har me utarbeida ein “kompetansestrategi” og ein “overordna strategivurdering for reiselivet” som vi brukar som grunnlag for arbeidet vårt.