Årdal vil få auke i tal sysselsette. Har vi bustader til alle?

Årdal Utvikling har no klar ein analyse for tal bustader som er naudsynt for å dekke veksten i sysselsette. I figuren kan vi sjå bustadbyggingstakta. Bustadbyggingstakta i Norge blir påverka av konjunkturane, særleg såg vi ein sterk nedgang i bustadbyggingstakta etter finanskrisa i 2009.

Årdal har hatt vesentleg lågare bustadbyggingstakt enn landsgjennomsnittet, i dei fleste åra etter 2000. Unntaka var i 2008, 2009 og 2010, då det var ein høg bustadbyggingstakt. Dette skuldast Norsun etableringa. Frå 2011 har bustadbyggingstakta i Årdal vore svært låg.

I 2021 blei det ikkje bygd nokon bustader.

Årdal er ein kommune med ein låg forventa befolkningsvekst. Difor er den forventa bustadbyggingstakta mindre enn landsgjennomsnittet. Bustadbyggingstakta var svært mykje høgre enn forventa frå 2008 til 2010. Dette skuldast nye industriprosjekt som Norsun. Sidan folketalet har gått ned, har det ikkje vore trong for fleire bustader i kommunen. Dette fører til at bustadmassen gradvis vert forelda. Ein bustadmasse som er forelda, er lite attraktiv for folk som ønskjer å etablere seg i kommunen.

Når vi no går inn i ei tid med nye store prosjekt, står Årdal med ein forelda bustadmasse og for lite attraktive bustader til å dekke behovet både på kort og lang sikt.  

I Årdal har vi tru på at tal nye arbeidsplassar i næringslivet vil vekse med 350 fram mot 2050. Denne veksten vil følgje svingingar i konjunkturane, med nedgang og andre periodar med vekst. Det er umogeleg å spå når slike svingingar kjem. Vi må difor ha ein bustadpolitikk som heile tida syter for at det er ferdig regulerte bustadareal, og at det er utarbeida bustadprosjekt som raskt kan realiserast.

Årdal kommune eig i dag ein bustadmasse som delvis er forelda. Eit naudsynt tiltak vil vere å selje ein del av denne bustadmassen, og nytte midlane til å kjøpe seg opp i nye bustadprosjekt, for å stimulerer til ny bustadbygging.

Utfordringa for Årdal vil vere å få attraktive bustader til å dekke dei behova vi ser fram mot 2030. Tal utlyste stillingar overstig i dag tal ledige bustader. Det er likevel slik at vi veit litt om kva prosjekt vi jobbar med, og kva effektar dei vil få. Med høg attraktivitet vil det bli vekst i tal arbeidsplassar i næringslivet. I tillegg trur vi at nye industriprosjekt vil auke tal sysselsette og innflytting til Årdal.

Mia Hansen