Kor mange nye arbeidsplassar vil Årdal få, i åra som kjem?

Årdal Utvikling har no klar ein analyse for korleis tal arbeidsplassar i Årdal vil utvikle seg i åra fram mot 2050. I denne artikkelen ser vi på utviklinga av arbeidsplassar i Årdal som er ein storleik som er svært vanskeleg å spå. Det er fordi den historiske utviklinga viser store variasjonar frå stad til stad utan at det kan knytast til strukturelle tilhøve.

Kva type bransjar og bedrifter vi har, forklarer ein del av den historiske utviklinga, men i framtida kjenner vi ikkje til kva bransjar som vil auke eller minke. I Årdal har vi valt å fokusere på nye arbeidsplassar innan sirkulærøkonomi og teknologi, gjennom FOU selskapet SITEP AS.

Kompetansemiljøet i Årdal Teknologipark arbeider no med spanande teknologiprosjekt som skal skape arbeidsplassane vår i åra som kjem. Fjordalg AS er eit godt døme på dette. Vi trur at Årdal vil ha høg næringsattraktivitet, og vi legg dette inn som føresetnad i utviklinga framover.

Med høg næringsattraktivitet ligg det an til ein vekst i tal arbeidsplassar i næringslivet frå 1 817 arbeidsplassar på slutten av 2021 til 2 190 arbeidsplassar i 2050. Får vi etableringar av litt større industriprosjekt, vil utviklinga bli endå meir positiv og vi har i dag konkrete industriprosjekt som vil tilføre Årdal 250 nye arbeidsplassar. I same perioden vil vi også få ein reduksjon i arbeidsplassar, då bedrifter legg ned. Dette tek vi omsyn til i framskrivingane. Den grøne utviklingslinja (høy), er såleis den utviklinga Årdal Utvikling har tru på.

Mia Hansen