Attraktive industrisamfunn - med Start Norge og Vestland Fylkeskommune

Årdal Utvikling og Vestland fylkeskommune har tatt tak i ei felles utfordring for industrisamfunn på Vestlandet. Saman med dyktige unge studentar frå Start Norge samla me ein god gjeng i Årdal Teknologipark for å kartlegge korleis ein kan tiltrekke seg unge folk til å jobbe i industrien i Årdal og Vestland. Oppstartsmøte ga fleire spørsmål enn svar, men og nokre tydlege retningar for videre arbeid; Det handlar om riktig rekruttering, kommunikasjon, bustad, sosialt liv og transport. Og me må ha med ungdomen som veit korleis ungdomen tenkjer!     

 

Årdal Utvikling, Vestland Fylkeskommune og Start Norge ser fram til å konkretisere ideane om attraktiv stadutvikling og nye buformer saman med innbyggarar, utbyggjarar, ungdomar, lokalt næringsliv i Årdal og industrinettverket i Vestland.

Trine Grøttebø