Framtida med solenergi startar no

DSC01677.JPG

Framtida med solenergi startar no

Bluetec Vest er ei av knoppskytingsverksemdene knytt til Årdal Teknologipark, og med EU sine ambisiøse mål for klimagasskutt som rettesnor, har verksemda som målsetjing at privatpersonar, som eg og du, sjølve skal produsera delar av den energien me brukar.

- Eg ser fram til å få solceller på taket mitt, seier nytilsett dagleg leiar, Marit Røyrvik Eldegard.

Ho har teke steget frå ein trygg og stabil arbeidskvardag som lærar ved Årdal vidaregåande skule, til å bli leiar for verksemda som skal selja solceller til alle som eig eit tak eller ein vegg.

- Moglegheita til å få vera ein del av det grøne skiftet veg tungt for meg, seier ho, på spørsmål om kvifor ho var villig til å byte jobb.

Eig du tak, kan du nytta solceller

DSC01684.JPG

Og Bluetec Vest er ikkje snauare enn at dei i forretningsplanen sin inviterer ulike aktørar til å «bli med å redde verda – framtida startar no».

Men grunnlaget for dette er solid. Klimapanelet til FN seier at kostnadane med å reparera skadane som følgje av klimaendringar er mange gonger større enn å forebygga. I haust auka EU målet for reduksjon av klimagassar for 2030 frå 40% kutt til minst 55%. For å nå dette svært ambisiøse målet må ein gjera mange tiltak, blant anna store kutt i kol og gasskraft. Dette vil auka prisen på rein energi. Dette gjer at solceller vil bli enno meir lønsame i åra som kjem, sjølv utan fallande prisar på panel og tilhøyrande utstyr.

Berre litt grøn?

- Dei fleste i Norge reknar med at energien me brukar er grøn, og det stemmer for ca 60% av energiforbruket vårt. Men dei resterande 40% blir faktisk selt til utlandet som opphavsgarantiar til utanlandske verksemder. Me har difor eit aukande behov for fornybar kraft, og jo meir solenergi ein tek med i dette reknestykket, jo betre, seier Eldegard.

Bluetec Vest er pr i dag eigd av Sitep, BlueTec i Tønsberg, Årdal Energi, Årdalsnett, Elektromontasje og Byggmester Rune Vikøren.

- Bluetec Vest sin filosofi er at kunden skal ha tru på at installasjonen er trygg. Ein har difor gått saman med leverandørar som er ekspert på tak og elektro, i tillegg til sjølve solcelleinstallasjonen. I tillegg vil eg trekka fram nærleiken til Norsun som viktig for å sikra tilgang på rett kompetanse. Dei fleste solcelleaktørar ser i dag på Norsun som ein kvalitetsleverandør. At BlueTec i Tønsberg er med på eigarsida sikrar også tilgang på god kompetanse, utdjupar Eldegard.

Mindre nedbygging av natur

- Å selja solceller handlar om å selja ei tru på framtida, seier Eldegard.

Ho peiker på at solenergi ikkje er øydeleggande for naturen all den tid installasjonen ikkje krever inngripande tiltak i natur som ikkje alt er utbygd.

- Nokon synest kanskje det er stygt med solceller på taket, men haldninga til dette vil endra seg, og ein kan også få solceller som er nedfelt i taket. Dessutan, seier ho, så treng du ikkje takplater under solcellene. Dei er vasstette.

Eldegard har ei von om at dei fleste årdøler som treng å byta tak i nær framtid, vil vurdera å legga solceller. På den måten kan ein også bli plusskunde hjå energileverandøren, og selja eventuelt energioverskot tilbake.

- Men – med solforholda i Årdal er det vanskeleg å dekka eiga forbruk 100%. Likevel vil den totale energirekneskapen i Norge bli heilt annleis viss fleirtalet vel solenergi i kombinasjon med annan energi, og behovet for å importera kol- og gassenergi frå utlandet vil gå ned, seier Eldegard.

Bluetec Vest sin daglege leiar, Marit Røyrvik Eldegard, på veg opp på taket til Årdal Energi for å sjekka solcellene. Foto: Torunn Todal Laberg

Bluetec Vest sin daglege leiar, Marit Røyrvik Eldegard, på veg opp på taket til Årdal Energi for å sjekka solcellene. Foto: Torunn Todal Laberg

Framtidsretta satsing

Ny fornybar energi, hovudsakleg vind og sol, har nokre store utfordringar samanlikna med dei ikkje-fornybare kjeldene som kol-, gass- og atomkraft sidan ein ikkje styrer produksjonen på same måte. Skal ein lukkast med eit grønt skifte innan energiproduksjon, må ein sannsynlegvis gå frå eit samfunn som styrer produksjon etter forbruk, til eit samfunn som styrer forbruket etter produksjon. Eksempel på dette er smarte hus som varmar opp vatnet ikkje åleine basert på temperatur, men ved å analysera sannsynleg forbruk denne dagen (maskinlæring), vêrprognosar og sannsynleg prisutvikling på straum dei næraste timane. Her ligg det mange moglegheiter.

Bluetec Vest har alt installert solceller på taket til Årdal Energi, og ser positivt på målingane så langt.

Bluetec Vest har alt installert solceller på taket til Årdal Energi, og ser positivt på målingane så langt.

- Prosjektleiar Fredrik Bjørk sytte for at me fekk montert tre ulike typar solceller på taket til Årdal Energi, for å hausta erfaringar. Det er utruleg spennande, seier Eldegard.

Frå 21. juni blir Eldegard å treffa i kontorlokala til Sitep, og frå neste år hjå Årdal Teknologipark.

 

Er du interessert i å montera solceller på ditt eige tak? ENOVA har støtteordning for husstandar for dei som vil installera solceller. Gå inn på www.solcellekart.no – og finn ca pris for ditt tak.

 

Torunn Todal Laberg