Ledig stilling som rådgjevar i Årdal Utvikling
Rådgjevarstilling i Årdal Utvikling (100%)
Vil du vera med å utvikle næringslivet i Årdal og bidra til vekst i Vestland?
Årdal Utvikling er på utkikk etter ny rådgjevar som skal bli med å vidareutvikle næringslivet i Årdal kommune. Vi jobbar kvar dag for å legge forholda best mogleg til rette for høg livskvalitet, gode utdanningsmogelegheiter og nye arbeidsplassar i eit variert og framtidsretta næringsliv.
KVA VI SER ETTER
Vi søker deg som har relevant utdanning eller erfaring innan samfunnsrelatert utvikling ved nokre av dei fylgjande arbeidsområda nedanfor:
· Berekraft/grøn omstilling. Dette vil vere eit sentralt punkt og er grunnlaget for framtidas industriutvikling i Årdal og på regionsnivå.
· Gründerskap/førstelinjeteneste. Du vil ha ansvar for å rådgjeve gründerar og legge til rette for små og store verksemder for å sikre eit variert og mangfaldig næringsliv.
· Reiseliv. Du har gjerne erfaring eller utdanning innan reiseliv. Vi har konkrete handlingsplanar med eit mål om å vidareutvikle reiselivet i kommunen på eit berekraftig nivå.
· Omdømebygging. Du er gjerne god på kommunikasjon. Vi skal profilere det gode arbeidet vi gjer lokalt og regionalt. Nettverksbygging, kommunikasjon og representasjon er viktige område for oss.
· Prosjektarbeid. Om du har erfaring innan prosjektarbeid er det ein fordel. Mykje av arbeidet vårt er prosjektrelatert saman med andre lokale og regionale aktørar.
KVIFOR SKAL DU JOBBA I ÅRDAL UTVIKLING
Du får arbeida med interessante, spanande og allsidige oppgåver.
Me tilbyr konkurransedyktig løn, gode forsikrings- og pensjonsordningar og ordna arbeidsforhold.
Vi har kontor i Årdal Teknologipark i saman med ei rekkje andre utviklings- og teknologiverksemder med tett samarbeid.
Du vil bu og arbeide i vakre omgjevnader i Indre Sogn. Me held til i Årdal – midt mellom Oslo og Bergen, med den fantastiske naturen ved Sognefjorden og i Jotunheimen som nærmaste nabo.
Om du har interesse for samfunn- og næringsutvikling og oppfyller nokre av punkta vi ser etter ovanfor, ynskjer vi veldig gjerne å høyre frå deg.
Søknadsfrist: 20. oktober.
Send søknadstekst og CV til: gh@ardal-utvikling.no.
For spørsmål om stillinga:
Dagleg leiar Geir Hansen: gh@ardal-utvikling.no, telefon: +47 905 52 172.