Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder
Årdal kommune er tildelt kr. 1 641 000 til kommunal kompensasjonsordning. Formålet med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særlig hardt ramma av pandemirelaterte utfordringar i næringslivet.
Tilskotet skal bidra til å sikre likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19 pandemien. Det kan være tap av inntekt og auka kostnader som følge av covid-19 pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen.
Årdal Utvikling har fått i oppgåve av Årdal kommune å stå for tildelinga av kompensasjonsmidlane.
Det vil vere verksemder innan reiselivs-, arrangements (turisme)- og serveringsnæringane som vert prioritert for tildeling, men andre verksemder som er ramma av pandemien kan og søke. I tillegg til reiselivsbedrifter vil bedrifter som har hatt store tap, men som ikkje har vorte prioritert i tidlegare tildelingsrundar kunne søke. Verksemder som har søknader der tiltaka som vert planlagde skal styrke og utvikle verksemda i kommande sesongar kan også få støtte.
Fellestiltak vil bli prioritert.
Søknaden skal sendast elektronisk gjennom regionalforvaltning.no
Søknadsfrist: 15. desember
Verksemdene som søkjer må legge ved rekneskap for 2020. Det må også i søknaden takast med eit oversyn over det verksemda har fått løyvd av statlege kompensasjonsmidlar frå pandemien starta, tilsegn/utbetalingar frå Innovasjon Norge siste året, tilsegn frå tidlegare løyvingsrundar av koronamidlar og oversikt over evt andre tilskott mottekne i 2020 og 2021.
For meir informasjon kontakt:
Trine Grøttebø tlf: 92 22 38 74 e-post: tg@ardal-utvikling.no