Årdal Utvikling
  • Om Årdal Utvikling
    • Styret
    • Årsrapportar
    • Vedtekter
  • Verkemiddel
    • Altinn
    • Innovasjon Norge
    • Skattefunn
    • Enova
    • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Næringsutvikling
    • Rapportar og analysar
    • Strategi dokument
  • Dokumentmalar
  • Kontakt
  • Framside
Søk på heimesida ...
  • Framside
  • Framside
  • Reiselivsutvikling i Årdal

Reiselivsutvikling i Årdal

Årdal Utvikling har saman med besøksnæringa i Årdal, gjennomført ein planprosess for å få på plass ein overordna reiselivsstrategi for Årdal.
Torsdag 26. mai skal vi legge fram utkast til overordna strategivurdering for reiselivsutvikling i Årdal. Møtet finn stad på Klingenberg hotell kl. 18.00
Påmelding til Årdal Utvikling, tlf. 57661177  innan 24. mai.

Representantar frå reiseliv og handel vil bli spesielt invitert til møtet, men andre har også høve til å kome.

Konsulentar frå MIMIR og Vardehaugen, vil vere med og presentere utkastet til strategi.

I Årdal har dei fleste av dei besøkande tilknyting til den yrkesbaserte trafikken, no skal vi i tillegg satse på opplevelsesbasert trafikk. Årdal må framstå med attraktive tilbod som gjer at folk ønskjer å besøke oss. Å skape trafikken sjølv er noko nytt for Årdal, og vil by på mange spanande utfordringar. I tillegg vil dette setje store krav til oss både når det gjeld innsats og organisering.

Samarbeidet mellom reiselivsnæringa og handelen, vil bli spesielt viktig. Korleis kan dei besøkande på best mogeleg måte få oppleve Årdal og dei aktivitetane vi har å by på? Korleis kan Årdal sin posisjon som porten mellom Sognefjorden og Jotunheimen utnyttast?

Svara får vi kanskje på møtet den 26. mai.

 

 

    (c) 2015 Årdal Utvikling - Tlf: 57 66 11 77 Fax: 57 66 16 53 Postboks 126, 6881 Årdalstangen, E-post: post@ardal-utvikling.no